Hotell med sterk lokal tilknyting

Tidleg på 2000-tallet vart Furebuda ombygd til restaurant, og i 2017 var tida inne for å utvide til hotell, då også med nabobygget Hoddevikbuda. Mykje av Furebuda er bevart, mens Hoddevikbuda dessverre var i for dårleg stand til å kunne brukast vidare. Deler av den er likevel bevart og gjestane kan sjå veggar frå den opphavlege buda i ein egen museumsdel.

Kort byggetid og høg kvalitet

Prosjektet hadde kort byggetid, og totalentreprenøren Dragebygg hadde stor friheit innanfor rammene av prosjektet. To skipsdåpar markerte tidsfristen, og den rakk dei, sjølv med høge kvalitetskrav gjennom heile byggeprosessen.

Belysning som framhevar bygga

Eid Elektro, som er stolt medlem av EL-PROFFEN, var underentreprenør på elektro. Med mykje som skulle på plass og kort byggetid, var det eit hektisk men spennande prosjekt. Bygget har sterk historisk tilknyting, og målet var å bruke utebelysning til å framheve bygningane. Når ein ser resultatet så er det ikkje tvil om at det er godt levert.

[ep-galleri id=Stad-hotell]

Lun og moderne stemning innandørs

På hotellromma er det brukt eit moderne uttrykk, og for å få ein lun og god stemning så har ein brukt både LED-striper, sylindriske pendlar og kvadratiske downlights. Produkt med høg kvalitet, spennande design og lavt straumforbruk er med på å gje hotellgjestane ein veldig god atmosfære.

– Vi er stolte av alt som skapast her i regionen, og set stor pris på å få vere ein del av dette prosjektet. Det var forholdsvis korte tidsfristar, og med den lokale tilknytinga så ønskjer ein alltid å stå på ekstra. Produkta som er leverte har moderne design og lang levetid. Eid Elektro har fokus på fagkompetanse og yrkesstolthet, og gjengen vi har hatt på Stad Hotell har stått skikkelig på for å kome i mål innan tidsfristen. Vi er trygge på at Stad hotell har fått gode løysingar som vil vere til glede i lang tid. Vi kjem til å bruke hotellet som gjestar frå tid til anna og då er det spesielt godt å ha levert eit resultat vi kan vere stolte av, seier dagleg leiar i Eid Elektro, Tore Hjelle.